Nyhet

Kunnskapsministeren: – Lektor2 gjer akkurat det dei skal

– Eg likar Lektor2-ordninga fordi ho er smart, enkel og ubyråkratisk, var helsinga frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen då han innleia årets oppstartssamling. Han rosa lærarar som gjer ein ekstra innsats.

Enige om at Lektor2 er framtida for norsk skule: prosjektleiar Anette Braathen og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Enige om at Lektor2 er framtida for norsk skule: prosjektleiar Anette Braathen og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Torsdag var det klart for oppstartssamling for årets nye Lektor2-skular, og kunnskapsministeren hadde funne tid til å innleia samlinga.

– Eg er ikkje her berre fordi vi betaler for denne ordninga. Det er mykje vi betalar for utan at eg møter opp personleg, understreka han.

– Eg er her for å visa kor viktig realfagssatsinga er. Heile samfunnet vårt er bygd på realfag.

Ting tek tid

Røe Isaksen heldt fram med å framheva kor viktig realfaga er for å møta utfordringane samfunnet kjem til å møta, anten det gjeld klima eller betre offentlege tenester.

– Vi må bli flinkare til å snakka om realfag som noko positivt. Vi må kvitta oss med myter som at realfaga er ekstra vanskelege og at dei passar betre for gutar enn jenter. Realfag er like mykje danningsfag som norsk, samfunnsfag eller historie. Alle har bruk for realfag!

Etter eitt år som kunnskapsminister oppsummerte Røe Isaksen for seg sjølv fem ting han hadde lært undervegs. Kva dei fire andre var, nemnde han ikkje, men han hadde i alle fall erfart at «Ting tek tid».

Typisk norsk

– Men det er ikkje alt som treng å ta tid. Ein engasjert lærar kan visa elevane kvifor undervisinga dei får er relevant, og ei ordning som Lektor2 bidrar til å visa forholdet mellom teorien dei lærer på skulen og praksis i arbeidslivet. Denne koplinga er ein viktig del av framtidas skule.

Han nytta høvet til å rosa lærarane som var til stades.

– De som er til stades her, har noko til felles. Å delta i Lektor2 er ikkje noko ein er nøydd til å gjera, men de gjer det likevel. For meg er dette noko av det som er typisk norsk: folk som gjer ein ekstra innsats, folk som gjer litt meir enn det dei absolutt må.

Rundt hundre deltakarar fekk med seg innleiinga frå kunnskapsministeren på opningsseminaret for Lektor2. Rundt hundre deltakarar fekk med seg innleiinga frå kunnskapsministeren på opningsseminaret for Lektor2.